Eksportpris kr 75,25 i veke 1

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp med 1,72 kroner frå veke 52 i 2016 til veke 1 i 2017.

I veke 1 i 2017 var eksportprisen for fersk laks 75,25 kroner per kilo, tilsvarande ein oppgang på 2,3 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 1 enda på 11.950 tonn, tilsvarande ein auke på 14,8 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 10.408 tonn. Merk at veker det jul og nyttår inngår, normalt har låge eksportkvanta.

I veke 1 vart det eksportert 286 tonn frosen laks, og prisen var 70,72 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

År 2017 Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
1 11 950 75,25 286 70,72

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2016, 2015, 2014, 2013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.