Eksportpris kr 42,03 i veke 19

Eksportprisen for fersk laks gjekk ned med 2,59 kroner frå veke 18 til veke 19 i 2014.

I veke 19 i 2014 var eksportprisen for fersk laks 42,03 kroner per kilo, tilsvarande ein nedgang på 5,8 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 19 enda på 15.636 tonn, tilsvarande ein auke på 7,2 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 14.590 tonn.

I veke 19 vart det eksportert 371 tonn frosen laks, og prisen var 46,36 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

Fersk laks Frosen laks
År Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
2014 19 15 636 42,03 371 46,36
18 14 590 44,62 445 44,14
17 14 614 46,29 174 46,09
16 12 057 47,40 212 46,49
15 19 722 44,35 473 44,65
14 17 313 44,01 431 45,85
13 16 159 43,83 391 44,18
12 16 449 43,63 378 47,41
11 15 975 44,07 506 46,28
10 15 949 44,13 446 47,29
9 15 963 46,68 284 47,49
8 14 324 48,76 241 48,97
7 13 190 49,41 397 46,11
6 13 053 45,62 535 47,69
5 13 784 46,80 538 46,98
4 13 699 49,72 465 44,39
3 14 505 49,27 521 44,80
2 15 118 48,75 352 44,49
1 9 341 50,34 143 45,44

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.