Uendra eksportpris i veke 18

Oppstykket laksefilet på transportbånd. Foto: Tom Haga / Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks var uendra frå veke 17 til veke 18 i 2012.

I veke 18 i 2012 var eksportprisen for fersk laks 29,11 kroner per kilo, noko som er same prisen som veka før. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 18 enda på 13.019 tonn, ein nedgang på 15,3 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 15.370 tonn.

I veke 18 vart det eksportert 400 tonn frosen laks, og prisen var 31,42 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nederst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

Fersk laks Frosen laks
År/veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
2012
18 13 019 29,11 400 31,42
17 15 370 29,11 415 29,46
16 16 510 28,70 433 28,20
15 15 530 29,34 570 30,62
14 9 286 29,61 507 29,12
13 18 334 26,64 814 30,21
12 17 175 28,27 597 28,23
11 16 395 29,07 775 29,60
10 15 525 28,64 731 28,70
9 15 829 28,77 631 28,97
8 14 382 29,84 1 062 28,01
7 13 613 28,49 685 27,84
6 12 883 27,51 700 27,60
5 13 226 25,31 775 28,09
4 12 990 25,26 767 27,13
3 13 994 26,71 1 331 28,42
2 12 528 24,95 755 28,34
1 11 785 25,65 483 30,21

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.