Eksportprisen markant opp i veke 6

Illustrasjonsbilde: Porsjonsstykke av laksefilet. (Foto: Norges sjømatråd).
Eksportprisen for fersk laks gjekk opp med 2,20 kroner frå veke 5 til veke 6 i 2012.
I veke 6 2012 var eksportprisen for fersk laks 27,51 kroner per kilo, ein oppgang på 8,7 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.
Eksportkvantumet for fersk laks i veke 6 enda på 12.883 tonn, ein nedgang på 2,6 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 13.226 tonn.
I veke 6 vart det eksportert 700 tonn frosen laks, og prisen var 27,60 kroner per kilo.
| Eksport av laks, kvantum og pris: | ||||
|
|
Fersk | laks | Frosen | laks |
| År/veke | Tonn | Kr/kg | Tonn | Kr/kg |
| 2012 | ||||
| 6 | 12 883 | 27,51 | 700 | 27,60 |
| 5 | 13 226 | 25,31 | 775 | 28,09 |
| 4 | 12 990 | 25,26 | 767 | 27,13 |
| 3 | 13 994 | 26,71 | 1 331 | 28,42 |
| 2 | 12 528 | 24,95 | 755 | 28,34 |
| 1 | 11 785 | 25,65 | 483 | 30,21 |
Sjå komplett statistikk for tidlegare år:
• Eksportprisar for laks frå oppdrett i 2011 04.01.2012
• Eksportprisar for laks frå oppdrett i 2010 05.01.2011
Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.



