09. september 2010 07:18
Norges Miljøvernforbund med Kurt Oddekalv i spissen, er på randa av konkurs.
![]() |
| Miljøcowboy Kurt Oddekalv. (Foto: Cathrine Wisløff). |
– Oppdrettsnæringa har skulda. Dei pressar sponsorane våre, hevdar Oddekalv overfor NRK Sogn og Fjordane.
Miljøcowboyen Kurt Oddekalv har etter kvart framstått som meir og meir løgnaktig, useriøs og fanatisk i kampen mot oppdrettsnæringa, og det har resultert i at sponsorane flyktar frå forbundet.
Denne veka er Oddekalv og Norges Miljøvernforbund (NMF), på tur innover Sognefjorden med «Miljødronningen», forbundet si investering til 50 millionar kroner, for å kjempe mot etablering av nye oppdrettsanlegg for laks og regnbogeaure.
Men i kjølvatnet kjem eit hav av gjeld, høge utgifter og nesten fråverande inntekter, som er i ferd med å drukne heile forbundet, skriv NRK. Nyhendekanalen har fått utført ei kredittvurdering, som syner at Miljøvernforbundet har svært mange inkassosaker på seg. Berre store gåver kan redde forbundet, spår NRK.
– Denne turen her jobbar store deler av mannskapet dugnad. I tillegg til at vi er blakke, som vi ofte er, har oppdrettsnæringa har ringt rundt til alle sponsorar og støttespelarar vi har hatt for å presse dei til å ikkje støtte oss, seier Oddekalv til NRK.
Kurt Oddekalv har vore i pengetrøbbel før, men ikkje slik som dette. Rekneskapen for 2009 viser eit underskot på 3,8 millionar kroner for Miljøvernforbundet, og -6,6 millionar kroner for dotterselskapet Miljødronningen AS, som står for drifta av båten. Begge føretaka har store krav mot seg, og treng frisk kapital raskt, for å unngå skifteretten.
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) avviser at foreininga har presse sponsorane. Kommunikasjonsdirektør Are Kvistad, fortel derimot at FHL gjekk ut med informasjon til NMF sine sponsorar då Oddekalv i vår sette fram påstandar om at det vart produsert giftig fisk i Noreg.
– Desse påstandane var så alvorlege at vi sendte eit enkelt brev til Oddekalv sine sponsorar (...), der vi berre informerte om at dei er oppførte som sponsorar av ein organisasjon som spreier feilinformasjon om norsk matproduksjon. Vi har ikkje oppmoda om å trekkje støtte eller liknande, fortel Kvistad til NRK.
Truar med neddreping av settefisk
– Kva om konkurs er einaste utveg, spør nyhendekanalen Oddekalv.
– Då blir nasjonen kvitt ei av dei få klare røystene dei har på kva som er rett og gale i dette landet, seier Oddekalv, som nyleg vart dømd i Oslo tingrett for skadeverk mot ei mobilmast. Han må betale 39.000 kroner i erstatning for herverket. Sjølvinnsikta synes ikkje å vere stor.
Han legg skulda på oppdrettsnæringa for mogleg konkurs.
- Viss dei (oppdrettsnæringa, red.merknad) greier det, så kjøper eg meg ei tankvogn med rotenon og reiser rundt og rotenonbehandlar kvart einaste setjefiskanlegg i heile landet, seier Oddekalv.
Han trøystar likevel med at om han går konkurs, så har han ikkje råd til å kjøpe noko tankvogn med rotenon.
Relaterte artiklar:
• Henla saken mot SinkaBerg-Hansen 10.08.2010
• Miljøvernforbundet på tilbaketog 20.07.2010
• Oddekalvs påstander tilbakevises 16.07.2010
• - Neppe fra fiskeensilasje 13.07.2010
• Ikke påvist fiskefett i NMFs prøve 11.07.2010
• - Kan svekke miljøvernorganisasjonene 03.07.2010
• Legemiddelverket avviser påstander 03.07.2010
• Føler seg kriminalisert 03.07.2010
• Ikke støtte til lakseboikott 02.07.2010
• Oddekalv truer med vold 30.06.2010
• - Begrenset skadepotensiale 29.06.2010
• HSH ber om dialog med oppdrettsnæringen 23.06.2010
• «Giftutslipp» var pollen 22.06.2010
• - Kriminelle metoder fra Oddekalv 21.06.2010
• - Ingen tvil rundt norsk oppdrettsfisk 09.06.2010
• Ingen boikott av oppdrettsfisk 07.06.2010
• - Tull å sammenligne med kloakk 31.03.2010
• Har vurdert bruken av flubenzuroner 22.04.2010
• EFF imøtegår påstander fra Oddekalv 11.02.2010
• Fløy til Spania for å kaste mat 10.02.2010
• Ikke bekymret for matsikkerheten 03.02.2010
• - Forflater miljødebatten 03.02.2010
• - Miljøvernforbundet mot økonomisk havari 13.12.2009
• - Lusekrangel kan true lakseeksporten 04.12.2009
• - Ville gi oppdrettsnæringen fred 03.12.2009
• Presset regjeringen til avtale 02.12.2000
• SinkaBerg-Hansen slår tilbake mot kritikk 25.11.2009
• Grove insinuasjoner fra miljøvernforbundet 16.10.2009
• Miljøvernforbundet anmelder fiskerømminger 25.09.2009
• Miljøvernforbundet ut mot oppdrettsplaner 23.09.2009





