VOLDA: Marine Harvest får ta ut meir vatn frå Vassbakkvatnet, men ikkje stenge for anadrom fisk.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjev Marine Harvest ASA (MHG) ved eit løyve og eit avslag på søknader om tiltak i Vassbakkvatnet.

NVE gjev Marine Harvest AS løyve til auka vassuttak for smoltproduksjon frå Vassbakkvatnet i Volda kommune i Møre og Romsdal. Samstundes avslår NVE søknad om løyve til stenging av Vassbakkvatnet for oppgang av anadrom fisk.

Får auke vassuttaket

Marine Harvest AS får løyve til fortsett regulering av Vassbakkvatnet og auka vassuttak frå Steinsvikvassdraget til settefiskanlegget i Steinsvik. Løyvet vil gje grunnlag for å utvide drifta ved settefiskanlegget og gje ei sikrare vassforsyning.

Vassuttaket skal ikkje vere større enn 25 m3/min, og det skal til einkvar tid kunne gjerast greie for storleiken på vassuttaket. For å sikre at elvestrekkjene nedafor inntaka ikkje blir tørrlagt, skal det sleppast ei minstevassføring forbi inntaket i Tungeelva og forbi dammen i Vassbakkvatnet gjennom heile året.

NVE vurderer reguleringa og vassuttaket med dei fastsette avbøtande tiltaka, for å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Les meir om løyvet til regulering av Vassbakkvatnet og auka vassuttak frå Steinsvikvassdraget her

Avslag på søknad om fiskesperre

Marine Harvest AS har også søkt om løyve til å kunne oppretthalde stengsel for anadrom fisk opp til Vassbakkvatnet for å hindre smitte frå villfisk gjennom vassinntaket til settefiskanlegget.

- Det finst i dag metodar som kan reinse inntaksvatn slik at ein unngår smittefare. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til positive effektar av ei stenging, heiter det i vurderinga frå NVE.

For vurdering og gjennomføring av tiltak for å styrke, eventuelt reetablere fiskestammar i vassdraget, har Fylkesmannen gjennom konsesjonen heimel til å gje pålegg om aktuelle tiltak som kan opne for fiskeoppgang forbi den etablerte dammen ved Vassbakkvatnet, påpeikar NVE.

Det er i søknaden synt til at vassdraget har mindre bestandar av laks og sjøaure. NVE viser i si vurdering mellom anna til at Møre og Romsdal fylke, i si fråsegn, sterkt har påpeika at vassdraget er viktig og at det må gjerast tiltak med dammen i Vassbakkvatnet slik at anadrom fisk kan passere opp og forbi.

Les meir om søknaden om løyve til fiskesperre i Vassbakkvatnet og avslaget her
 

Get Adobe Flash player