Alsaker Fjordbruk AS har kjøpt oppdrettsselskapet AL Nordsjø på Bømlo.

Nordsjø har i dag to matfiskkonsesjonar fordelt på tre lokalitetar sør i Stokksund, skriv Bladet Tysnes.

Nykjøpet fører til at Alsaker utvidar produksjonsvolumet i konsernet med kring ti prosent, frå 20 til 22 konsesjonar for oppdrett av laks og aure.

– Med det nye anlegget vil me vera representert i fire oppdrettssoner. Det er ein fordel produksjonsmessig, seier Alsaker.

AL Nordsjø er eit familieselskap som vart etablert så langt tilbake som i 1956, av no avdøde Bjarne Svendsen. Det er familien hans som no har selt selskapet til Alsaker. Dei tilsette i selskapet vert med vidare.

Alsaker Fjordbruk sitt slakteri på Sunde i Sunnhordland er oppgradert for mellom 30 og 40 millionar kroner dei siste to åra, og vil ha kapasitet til også å ta unna slaktevolumet frå dei nye konsesjonane på Bømlo.

- Me har vore klar over salet i lengre tid og er glad me vann bodrunden om selskapet, seier administrerande direktør og eigar av Alsaker Fjordbruk AS, Gerhard Alsaker, til avisa Sunnhordland.

Kor mykje konsernet har betalt for Bømlo-selskapet vil han ikkje ut med. Alsaker-konsernet har frå før av aktivitet i 12 kommunar i Rogaland og Hordaland, med rundt 120 tilsette, og har årleg omsett for rundt ein halv milliard kroner. Konsernet har ikkje hatt aktivitet i Bømlo kommune tidlegare.

Alsaker Fjordbruk AS har etter oppkjøpet, endra namnet på det nye dotterselskapet, frå AL Nordsjø til Nordsjø Fjordbruk AS.

Get Adobe Flash player