27. august 2010 07:23
NVE gjev Hynna Kraft AS løyve til å byggje Hynna kraftverk i elva Hynna i Tydal kommune i Sør-Trøndelag.
Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 4,5 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 12 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til rundt 600 husstandar.
Hynna kraftverk vil nytte eit fall på 135 meter i elva Hynna. Det vert bygd to inntaksdammar og røyrgata skal gravast ned heilt fram til kraftstasjonen. Det blir bygd ny veg til kraftstasjonen og frå eksisterande veg fram til hovudinntaket i Stor-Hynna.
Krav om minstevassføring
I Hynna finst det bekkekløfter av lokal verde. NVE har sett krav om ei minstevassføring som skal ivareta omsynet til biologisk mangfald, landskap, fisk, fukt i bekkekløftene og vasstilknytta liv i og langs elva.
Hynna renn ut ved Plankhølen i Nea, som er attraktiv for sportsfiskarar. Den nedste delen av Hynna er oppvekst- og gyteområde for aurestammen i Nea. Naturtypen bekkekløft, verdsett til lokal verdi, finst på den strekninga som er planlagt utbygd.
Utløpet frå kraftstasjonen, må plasserast slik at området nedstrøms Hynnfossen vil bli lite forstyrra. Det er og stilt vilkår om at anleggsperioden skal avklarast med reindrifta.
Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ein auke i fornybar energiproduksjon på 12 GWh er større enn skader og ulemper for dei allmenne interessene som vert råka. NVE gjev difor løyve til Hynna kraftverk på fastsette vilkår.
Les meir på NVE sine nettsider om: Løyve til Hynna kraftverk




