Fiskeri- og kystdepartementet har i dag fastsett nye reglar for oppdrett av torsk.

- Som eit ledd i oppfølginga av regjeringa sin strategi for eit berekraftig og framtidsretta torskeoppdrett fastset Fiskeri- og kystdepartementet i dag nye reglar, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

- Forskriftsendringane gjeld i all hovudsak for torskeoppdrett og vil blant anna betre rømmingssikkerheita og beskytte gyteområda for villtorsken, seier Berg-Hansen.

Kan stanse tildeling

Endringane i regelverket gjer det no mogleg å stanse tildeling av løyve til oppdrett av marin fisk eller bestemte arter av marin fisk. I første omgang vil dette tiltaket bli nytta i Hardangerfjorden der miljøsituasjonen krev særskilte grep.

- Stans i tildelinga av løyve for oppdrett av marin fisk i Hardangerfjorden er ein del av regjeringa sin samla tiltakspakke for dette fjordsystemet, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Ikkje i gyteområde

I det nye regelverket blir gjeldande praksis om ikkje å tildele løyve til torskeoppdrett i gyteområda til villtorsken forskriftsfesta. I tillegg inneber endringane ei rekkje rømmingsførebyggande tiltak som auka notkontroll, krav om godkjente driftsplanar og kontinuerleg overvakingsfiske.

- Tiltaka vil betre rømmingssikkerheita og beskytte gyteområda for villtorsken. Eg legg opp til at torskeoppdrett skal vekse på ein kontrollert måte og innanfor ei miljømessig berekraftig ramme, seier fiskeri- og kystminister Berg-Hansen.

Les meir:
Konsolidert versjon kan lastast ned frå Fiskeri- og kystdepartementet sine nettsider: 

Sjå også:

 

Get Adobe Flash player