Om Havforskingsinstituttet og gruvesøknader

DEBATT: Kommunikasjonsdirektøren ved Havforskingsinstituttet tek i dette innlegget eit oppgjer med utsegner frå Norsk Industri.

Av: Kari Østervold Toft, Kommunikasjonsdirektør ved Havforskingsinstituttet

Sverre Alhaug Høstmark i Norsk Industri har uttalt at Havforskingsinstituttet sine merknader og kommentarar i gruvesaker «…byggjer på svakt fagleg grunnlag og framstår som politiske. Det står ikkje mellom Havforskingsinstituttet og NIVA, det står mellom Havforskingsinstituttet og resten». Han har også omtala våre faglege utgreiingar som «protestar».

Havforskingsinstituttet er eit rådgjevande forskingsinstitutt og er høyringsinstans i alle saker der det handlar om utslepp til det marine miljøet. Våre fråsegner og merknader er bygde på den best tilgjengelege vitskapen. Når vi arbeider med fråsegnene våre deltek eit nøye samansett panel med kompetente forskarar slik at vi får eit så breitt kunnskapsgrunnlag som råd er før vi konkluderer. Dersom vi finn det naudsynt, gjer vi også eigne undersøkingar.

Det er Havforskingsinstituttet, og ikkje einskildforskarar, som uttalar seg i saker – også når det gjeld søknader om utslepp frå gruvedrift. Vårt ansvar er å gi råd om berekraftig forvalting av det marine miljøet.

Det er ikkje uvanleg at dei som er usamde med Havforskingsinstituttet gjer sitt beste for å ta frå oss truverde og skuldar oss for å vere politiske aktørar. Våre faglege vurderingar byggjer på det breie kunnskapstilfanget vi har frå vår eiga forsking og det andre forskingsmiljø har lagt fram. Difor står vi trygt på dei fråsegnene vi har levert til alle søknader om utslepp som no er til handsaming hos miljøstyresmaktene.

Havforskingsinstituttet har ikkje teke standpunkt mot gruvedrift. Vårt ærend er å påpeike at slik verksemd, som all annan menneskeleg aktivitet i økosystema, påverkar det marine miljøet. Difor må det drivast berekraftig, og omsynet til miljøet og verdiane i det marine miljø må vere sentrale premissar ved tildeling av utsleppsløyve.