Vil gjere det enklare å byggje skip i Noreg

Nye reglar kan gje norske verft fleire kontraktar om å byggje skip.

– Vi ønskjer at norske verft skal kunne bygge fleire skip. Derfor opnar vi for at GIEK kan garantere for fleire byggesaker, seier næringsminister Monica Mæland.

Garantiinstituttet for Eksportkreditt (GIEK) gir garantiar på vegne av staten.

For at GIEK skal gi garanti til bygging av skip, må kjøparen betale inn minimum 20 prosent av kontraktssummen i løpet av byggeperioden.

– Dette vilkåret er ikkje i tråd med endringane som har skjedd i marknaden. Derfor justerer vi kravet, slik at det blir i tråd med det dei private bankane tilbyr. Dette vil gjere norske verft meir konkurransedyktige, fordi dei no får lettare tilgang til finansiering. Dette er òg gode nyheiter for ein leverandørindustri som har nokre tøffe år framfor seg, seier Mæland.

Endringa kjem i samband med regjeringas nye maritime strategi, og gjeld frå og med 1. mai 2015.

Dei nye reglane inneber at kjøparen kan betale inn mindre enn 20 prosent. GIEK kan sjølv bestemme denne delen, ut ifrå risikoen i den enkelte saka, melder Nærings- og fiskeridepartementet.

GIEK garanterer for inntil 50 prosent av det enkelte lånet. Ein eller fleire bankar garanterer for resten av beløpet, på like vilkår. Ramma for ordninga med garanti for byggjelån er på fem milliardar kroner.

– Lettare tilgang til finansiering gjer verftsindustrien meir konkurransedyktig. Det trengst i ein krevjande marknad. Ein sterkare verftsindustri er viktig for små og store underleverandørar, seier avdelingsdirektør Solveig Frøland i GIEK.