Ål (Foto: Havforskningsinstituttet).
Ålen sym 6000 kilometer for å gyte og døy. Larvane brukar eitt til to år på drive attende til oppvekstområda. 5 til  20 år seinare gjev dei seg i kast med returen. (Foto: Havforskingsinstituttet).

Seint i tenåra kryssar ålen Atlanteren for å nå gyteområdet i Sargassohavet.

Det har vore ei gåte korleis ålen finn vegen, men no nærmar forskarane seg svaret. Kan ålen ha eit innebygt, ultimat, navigasjonssystem? Forklaringa på korleis ålen finn fram, er magnetisk, melder Havforskingsinstituttet i ein omtale av ny forsking på ål.

Ei mørk og regnfull natt – ved nymåne – forlèt ålen barndomstraktene for godt. Framfor seg har han ein symjetur på fem, seks månader. Målet er Sargassohavet; eit stort havområde sør for Bermuda, der ålen gyt for første og siste gong i livet.

Sym djupt

Både europeisk og amerikansk ål gyt i dette djupe, salte havområdet. Kvifor ålen utset seg for ei så strabasiøs vandring veit forskarane ikkje sikkert. Truleg var Sargassohavet gyteområde alt den gongen kontinenta låg tettare til ålen sitt oppvekstområde.

Til dags dato er det enno ingen som har funne vaksen ål her.

– Sargassohavet er stort og djupt – og det gjer det både kostbart og vanskeleg å leita etter ålen. Samtlege merkingsforsøk, som det har vore mange av, har hittil vore mislykka. Ålen sym truleg så djupt som 600 til 700 meter, fortel forskar Caroline Durif frå Havforskingsinstituttet.

Myteomspunnen fisk

Det er mykje forskarane ikkje veit om ål, som var ein myteomspunnen fisk alt for 2000 år sidan. Egg og larver frå ål hadde ingen sett, og Aristoteles slo fast at ålen grodde fram av mudder og var verken ho eller hann. Seint på 1800-talet vart dei første ålelarvane observerte i Middelhavet. Sidan vart det funne stadig yngre larver stadig lenger ut i Atlanterhavet. Gjennombrotet kom då nyklekt åleyngel vart henta opp frå Sargassohavet. Ålen sitt gyteområde var oppdaga.

Då melde neste spørsmål seg: Korleis finn ålen fram til dette fjerne havområdet? 6000 kilometer er avstanden mellom norskekysten og Sargassohavet, og ålen sym langt nede i vassmassane og for det meste på natta.

Magnetisk kartforståing

Mange teoriar har vore lanserte opp gjennom åra. At ålen navigerer etter stjernene, at han brukar kystlinja eller luktesansen til å koma seg dit han skal eller let seg føra med havstraumane. No hellar dei fleste mot at ålen kan sansa dei magnetiske felta  – og brukar dei til å staka ut kursen. 

– Ålen treng eit finstemt navigasjonssystem for å finna fram til det riktige gyteområdet. Når ein teiknar eit kart med utgangspunkt i jordmagnetiske felt ser ein at det kan føra fram til Sargassohavet. Det tyder på at ålen har utvikla ei form for kartforståing og orienterer seg ved hjelp av dei magnetiske felta, seier Caroline Durif. I samarbeid med forskarkollegaene Anne Berit Skiftesvik og Howard Browman  har ho undersøkt magnetoreception-teorien over ein toårsperiode. Studien er gjort på Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon i Austevoll. 

På forskingsstasjonen i Austevoll er det bygt opp eit intrikat vasstanksystem med leidningar, der den magnetiske polen kan bli styrt i ønskt retning.

Nord i sør og omvendt

I migrasjonsperioden seinhaustes vart ålen isolert i mørke kar. I det avanserte testanlegget vart det skapt eit nytt ”nord” kvar natt for å testa ålen sin retningssans. Ein og ein ål vart eksponert for magnetiske felt med varierande intensitet. Infrarøde kamera filma ålen sin oppførsel. Caroline Durif vart først overraska då ho såg opptaka. Alle dei reiseklare ålane søkte mot aust og nord, som slett ikkje var vegen ut i havet.

– Men då eg tok utgangspunkt i området der ålen var fanga, vart oppførselen forståeleg. Nord og aust hadde ført ålen ut i havet dersom han hadde starta gytevandringa derifrå. Som yngel lærer ålen vegen inn i elva. Så tek han motsatt veg når han skal ut i havet igjen. Med andre ord må ålen kunna vegen inn for å finna vegen ut, forklarar ho.

Det er ei oppdaging som kan få konsekvensar for omplassering av åleyngel, eitt av tiltaka som vert prøvde ut for å verna den sterkt utryddingstruga arten.

Les også: - Meningsløs utsetting av åleyngel 13.12.2009

Innebygt åle-GPS

Forsøka viste også at ålen navigerer etter styrken i magnetfelta. Denne styrken varierer alt etter kvar ein er på jorda. Dermed veit ålen og andre dyr som orienterer seg ved hjelp av magnetfelt heile tida kvar dei er. Det blir som ein slags innebygt GPS, forklarar Caroline Durif.

Enno veit ikkje forskarane kva det er i ålen sin fysiologi som gjer han i stand til å bruka dette systemet. Det er heller ikkje kjent kva delar av dei magnetiske felta ålen sansar og nyttiggjer seg undervegs til Sargassohavet. 

Yngelen vender tilbake

Ålen er svært lyssky, og startar gytevandringa mørke, regnfulle haustnetter. Ikkje akkurat draumeforhold for forsking, kan Caroline Durif fortelja. Ho har tilbringa mange netter ute i ufyseleg vêr i von om å finna ut kva tidspunkt ålen bestemmer seg for gje seg ut i verda.

Ålane er ikkje kjønnsmodne når dei forlèt elva, og forskarane har ein teori om at det er noko i havet eller sjølve symjeaktiviteten som triggar kjønnsmodninga. Forsøk har vist at magnetisme kan ha ein fysiologisk innverknad på trekkfugl. Durif skal undersøkja om magnetisme kan vera ein av faktorane som utløyser kjønnsmodninga hos ålen. 

Fakta om ål

Latinsk navn: Anguilla anguilla
Familie: Anguilla
Maks størrelse: 133 cm 6 599 g
Levetid: Varierende, avhengig av kjønn og levevilkår. Typisk fra 5–20 år.
Leveområde: Fra Afrika/Kanariøyene til Murmansk.
Hovedgyteområde: Sargassohavet
Gytetidspunkt: Ukjent, men trolig mellom mars og juni. Ålen er engangsgyter
Føde: Animalsk føde, mer eller mindre altetende
Særtrekk: Ål er sterkt fotofobisk (lyssky). Den kan bli værende ute av vannet i mer enn 24 timer, og kan også vandre over land fra ferskvann til sjø når de starter gytevandringen. Ål kan svømme bakover.

Kjelde: Havforskingsinstituttet

News image

Vil ha tiltak mot Island og Færøyane

Fiskeriorganisasjonar i Noreg og EU krev reaksjonar mot makrellfisket.

Kutta finger på slakteri

BREMANGER: Ei 17 år gamal jente fekk kutta av ein finger på eit torskeslakteri.

News image

Bekymret for maritime fagskoler

Fagskolene sliter med å oppfylle kvalitetskravene, noe som bekymrer Fiskebåt.

News image

- Makrellen «koker» i Norskehavet

Norge, Færøyene og Island er halvveis i økosystemtoktet 2010 i Norskehavet.

News image

Tillater leteboring på Skrugard

Statoil får letebore på feltet Skrugard i Barentshavet, men det stilles strenge krav.

News image

Høring om Landingsforskriften

Fiskeridirektoratet sender nå forskrift om landings- og sluttseddel på høring.

Seafood Show i Tokyo

21. juli åpnet den årlige Japan International Seafood & Technology Expo i Tokyo.

News image

- Svært uheldig

Fiskebåtredernes Forbund reagerer på at Færøyene har fastsatt sin egen makrellkvote.

News image

Færøyene vil ta 85.000 tonn makrell

Færøyene har gjort alvor av trusler og fastsatt sin egen makrellkvote.

News image

Ullhåndskrabbe i Drammensfjorden

- Kinesisk ullhåndskrabbe er blant de aller verste invaderende artene i Europa.

News image

Ny minstepris for makrell

Norges Sildesalgslag har fastsatt ny minstepris for makrell til fersk anvendelse.

News image

DOM og NPEL kraftig opp på børsen

Markedet sendte aksjene opp etter Austevoll Seafoods kjøp av Domsteins aksjer i NPEL.

News image

Nei til losplikt for store fiskefartøy

Fiskebåt går sterkt imot forslaget om losplikt for fiskefartøy over 70 meter.

News image

Domstein selger til Austevoll Seafood

Domstein selger alle selskapets aksjer i Norway Pelagic til Austevoll Seafood.

News image

Kartla verdifulle sjømråder i sør

Faggruppen for Nordsjøen og Skagerrak har identifisert særlig verdifulle områder.

News image

Overtar spansk fiskebåtrederi

Aker Seafoods kjøper resterende aksjer i spansk rederi.

News image

Reglar for føring av fritidsbåt

Sjå reglar for kva båtar ein kan føre med og utan båtførarbevis.

News image

Krepsepesten fortsatt aktiv i Glomma

Veterinærinstituttet har igjen påvist krepsepest hos edelkreps i Glomma.

News image

Øker i Norway Pelagic

Hansen Dahl Fiskeri AS flagger at de er over 5 prosent eierandel.

News image

Endra ungdomsfiskeordninga 2010

FKD har endra forskrift om adgang for ungdom til å delta i fisket i 2010.

News image

- Store kunnskapshull om blåkveite

Fiskebåt ber Havforskningsinstituttet orientere om forskningresultater.

News image

Protesterer mot MSC-anbefaling

Sildelaget og Fiskebåt går sterkt imot miljøsertifisering av færøysk makrellfiske.

News image

Makrell i nord og i sør

De siste ukene er 200 tonn makrell tatt i Vestfjorden. 270 tonn står i lås på Vestlandet.

News image

23 mistet livet i sjøulykker i 2009

I 2009 omkom 23 personer i ulykker knyttet til skipsfart, 18 flere enn året før.

News image

- Ikke skyld i at MonAqua legges ned

Det er ikke naturlig å koble FHF til MonAquas driftssituasjon, fastslår FHF.

News image

RUBIN får overgangsordninger

FHF løser opp bindinger for at RUBIN skal oppnå bedre kontinuitet i pågående arbeid.

News image

SDØE-verdier til 865 milliarder

Statens engasjement innen olje var verdt 865 mrd. kr ved inngangen til 2010, viser analyse.

News image

Vil tilbakføre fritaket for fiskeflåten

Forslag til endring av sertifikatkrav for personell på skip er nå sendt på høring.

News image

Ny forskrift om ballastvann

Ny norsk forskrift om ballastvann har nå trådt i kraft.

News image

Parasitt spiser koraller

En korallparasitt er funnet på kaldtvannskoraller i Norge.

News image

Varestrømsanalyse biprodukter 2009

RUBIN har lagt frem en oversikt over hvordan biprodukter av fisk utnyttes.

News image

Fiskebåt støttar Bellona-prosjekt

Bellona skal engasjere uavhengige ekspertar for modellering av oljeutslepp.

News image

Beholder minsteprisen på nordsjøsild

FHL og Sildelaget er enige om inntil videre å opprettholde gjeldende minstepris.

News image

Nytt utbudsreglement for pelagisk fisk

FHL og Sildelaget er enige om nytt utbudsreglement for pelagisk råstoff.

News image

Enighet om minstepriser på makrell

FHL og Sildesalgslag ble 5. juli enige om nye minstepriser.

News image

- Respekter minstemålet

Ber ferierende respektere reglene om minstemål som nå gjelder i fritidsfisket.

News image

Elektronisk rapportering fra 12. juli

Blir obligatorisk for norske fartøy over 24 meter som fisker i EU-sonen.

News image

Nye retningslinjer for sjødeponier

Skal sikre at viktige erfaringer tas med når forurenset sjøbunn skal ryddes.

News image

Satset tungt på kongekrabbe

Mange satset store summer. Men så forbød staten mesteparten av fangsten.

News image

Lavere eksport av pelagisk fisk

Eksporten av sild og makrell var lavere i første halvår 2010, enn i første halvår i fjor.

News image

Eksporterte hvitfisk for 5 milliarder

Eksporten av torskefisk endte på 5,35 milliarder kroner i første halvår 2010.

News image

Eksportrekord for norsk sjømat

Eksportverdien av norsk sjømat økte med 3,6 mrd. kr til 24 mrd. kr i første halvår 2010.

Lager avtaler for nytt polarskip

Nå skrives avtalene som skal regulere eierskap, rederansvar og driftansvar for et nytt isgående forskningsfartøy.

Nye funn frå Førdefjorden

Nye data viser at det har vore ei omfattande vassutskifting i Førdefjorden dei siste månadene.

Ga konsesjoner til offshore vindkraft

NVE har gitt konsesjon til tre demonstrasjonsanlegg for offshore vindkraft i Rogaland.

China Fishery dropper Oslo Børs

China Fishery Group avlyser den planlagte sekundærnoteringen på Oslo Børs.

News image

Advarer mot oljeutbygging

Utbygging i Lofoten og verdifulle områder i Barentshavet er ikke forsvarlig, mener DN.

News image

Fraråder oljevirksomhet ved Lofoten

Klima- og forurensningsdirektoratet anbefaler ikke ny oljevirksomhet utenfor Lofoten.

News image

Krever ikke fluktåpninger i Trøndelag

Manntallsførte fiskere trenger ikke ha fluktåpninger i krabbeteiner i Trøndelag.

News image

Samarbeider om kontroll

Representanter fra Fiskerimyndighetene i Norge og EU møtes nå i Bergen for å gjøre seg kjente med hverandres kontrollsystemer.

Annonse
Banner