03. mars 2010 14:23
- Regjeringa har store visjonar for norsk sjømatnæring. Vi ønskjer at Noreg skal bli den fremste sjømatnasjonen i verda.
Det sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen under LO-konferansen for tillitsvalde i fiskerinæringa i dag.
På konferansen heldt ho eit innlegg om sine visjonar for forsking og utvikling i næringa.
Delar av den tradisjonelle verdikjeda i fiskerinæringa slit, og utfordringane har blitt forsterka av finanskrisa. Mens delar av næringa, som laksnæringa og pelagisk sektor, går bra.
- Skal vi vere den fremste sjømatnasjonen i verda, krev det at vi har kunnskap som ligg i front på område som berekraftig ressursforvaltning og havmiljø, sa Berg-Hansen.
- Men det krev også at vi har god kunnskap om forbrukartrendar, kjøpskriterium, marknadsføring og omdømmebygging - og evnar å utvikle produkt ut frå dette, sa statsråden vidare.
Les meir
Heile talen kan lesast her:
Fiskeri- og kystdepartementets visjoner om forskning og utvikling under og etter finanskrisen i fiskeriene




